Reparasjon og service

Ein komplett bilverkstad

Trygt og profesjonelt

Som ein komplett bilverkstad tek vi oss av alt du treng til bilen din. Sjølv om vi er spesialistar på våre eigne merker, har vi kunnskap om alt frå dei nyaste elbilane til eldre bensin- og dieselbilar av alle merke. Vi har dei siste sertifiseringane, også for elbilar. Vi er autorisert for service på ei rekke amerikanske merker som Chevrolet, Chrysler, Dodge, RAM, Cadillac og Corvette. I tillegg har vi inngåande kunnskap om veteranbilar, og tek imot alle som har ein klassiker i garasja.

Mekanikerane våre får jevnleg kurs og oppdateringar, slik at dei alltid er klare til å ta imot nye utfordringar. Maskiner og utstyr er alltid oppdatert, så enten du køyrer den nyaste elbilen eller ein god gamal veteran, kan vi koble oss på bilen for feilsøking, kalibrering og oppdateringar.

Verkstad:

Tlf 700 47 800
Epost:
service@bilgum.no

Når du leverer bilen din til service hos oss vil vi at du skal føle deg trygg på at bilen din får den beste behandlinga - kvar gong.

Service og EU-kontroll

Vi tek imot alle bilmerke, og har avtaler med dei fleste forsikringsselskap. Bilen din blir god som ny, eller bedre!

Reparasjon

Delelager

Stort eige delelager gjer at vi kan skaffe det meste på kort tid, enten du er verkstedkunde eller treng delar til eige bruk.

Dekkhotell og lager

Vi tilbyr gode prisar på dekk til alle typer bilar, og har dekk på lager for rask montering. Dekka dine kan lagrast trygt i vårt dekkhotell.

Enkelt og trygt skifte av frontrute med gratis leigebil

Når du har fått ei skade på bilen din er du sjølvsagt oppteken av at arbeidet blir godt utført. Det skal ikkje vise på bilen at den er reparert. Med lang erfaring  har vi sett det meste, inkludert skader som andre verkstader ser på som som umulige å reparere. Hos oss får du høg kvalitet på alt frå små bulkar til omfattande reparasjonar, med ein finish som ser ut som ny.

Karosseriarbeid er meir enn å rette ut bulkar. Moderne bilar har avanserte materialer og strukturar som krev spesialkunnskap og presisjon. Vi sørger for at bilen din beheld både styrke, sikkerheit og estetisk verdi, uansett utfordringane.

Vi har eit tett samarbeid med dei fleste forsikringsselskap, noko som gjer prosessen enklare for deg som kunde. Hos oss kan du trygt levere inn godbilen på “spa” :)

Kontakt:

700 47 800
tony@bilgum.no

Karosseri- og lakkverkstad