Komplett bilforhandlar

BILGUM GRUPPEN


Vi er i dag autorisert forhandlar av Opel, BYD, Chevrolet US, Cadillac, Corvette, Hummer, GMC, Isuzu, Jeep, Dodge og Ram Trucks.

Om oss

Autorisert delelager

Vi har service og delar til Opel, BYD, Chevrolet, Cadillac, Hummer, GMC, Buick, Pontiac, Corvette, Isuzu, Jeep, Dodge og Chrysler.

Verksted og kompetanse

Vi oppdaterar med jamne mellomrom maskiner og utstyr, og saman med vår kompetanse gir det deg den beste behandlinga av bilen din, til rimeligaste mulig pris. Alle mekanikarane våre deltek på aktuelle kurs og held seg oppdaterte. Våre menneskelege ressursar er sjølsagt det viktigaste, men vi har også utstyret i orden.

Sidan 1938

Bil & Gummiservice har røter tilbake til 1938. Den gong heitte firmaet Ole Myklebust Mek. Verksted. Dette året vart den første amerikanske bilen importert frå Nederland. Hovedgeskjeften var mekanisk verksted og taxidrift i tillegg til import.

Etter kvart som det vart fleire bilar på vegane vart det meir drift som bilverksted, og på 60-tallet når ein fritt kunne kjøpe bil vart det meir fart i bilsalget. Då nytt firma vart etablert på 70-tallet vart salg av dekk også ein del av drifta. Den gong vart det gjerne omtala som gummi, derav firmanamnet vårt.